Ordførar Bjarne Eiolf Holø kan fortelja at Lom kommune fått tilslaget på eigedomen etter ei hektisk bodrunde.

– Gamelbanken er ein spanande bygning som ligg midt i smørauga i Lom sentrum.  Det er knytt mykje historie til eigedommen, samstundes representerer tomt og bygning eit utviklingsgrunnlag, seier ordføraren.

Som næraste granne til Fjellmuseet, Storstabburet og Presthaugen og med stutt avstand til loarområdet og sentrum elles ser kommunen verdien i kjøpet.  Det er ikkje umiddelbare planar for disponering  av Gammelbanken, heiter det i ei pressemelding frå kommunen.

– Kjøpet er såpass ferskt at vi har ikkje fått tid til å sette oss ned for å drøfte korleis bygning og tomt skal vidareutviklast, seier Holø.  Sjølv om prisen vart ein del høgare enn takst meiner eg dette er ei god framtidsinvestering.

Kommunestyret skal ta endeleg avgjerd om kjøp i møte fredag 11. september.

«Utropsprisen» for eigedomen, som ligg på kommunal grunn, var 1,4 millionar kroner. Prisen vart altså 2.050.000 kroner.