I år er det 100 år sidan taubana mellom Bårstad på Lalm og Sel vart sett i drift. Jubileet blir markert i juni med vandring langs taubanetraseen og stor konsert på Sagflaten der alle aktørane har aner frå kleberindustrien.
Komiteen som arbeider med 100-årsmarkeringa for taubana over Åsen. Her står Rune Borgan Isaksen, Arne Sagdalen, Paul Brun, Jakob Kleiven, Imbert Kleiven og Terje Kleiven ved utstillinga om kleberindustrien som er sett opp på Lalm samfunnshus.
Foto: Arve Danielsen