Rett etter påske starta opprustinga av Circle K Vågå.

Odd Kongsrud som er franchisetakar ved bensinstasjonen, fortel at det skal setjast opp nye pumper, gravast ned nye tankar og oljeutskiljar.

– Det er positivt at selskapet satsar i Vågåmo sentrum, seier Kongsrud.

Trond Bergan i Circle K fortel at arbeidet som blir gjort ved den lokale stasjonen, er kostnadsrekna til 5,5 millionar kroner.

– Dei gamle tankane var modne for utskifting, seier Kongsrud. Han fortel at det blir grave ned tre nye tankar som kvar tek 30.000 liter med drivstoff.

Arbeidet som starta rett etter påske, vil ta sju veker. Dette betyr at det i månadsskiftet mai/juni står den «nye» bensinstasjonen ferdig.

Kongsrud fortel at det er full drift på stasjonen, sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut for dei som kjem vegen gjennom sentrum, der stasjonen er sperra med høge gjerde.

På baksida av stasjonen er det sett opp ein transportabel container med to pumper, slik at folk får fylt drivstoff på køyretøya sine.

I tillegg til arbeidet med tankar og pumper ute, vurderer Kongsrud å byggje om stasjonen inne med fleire sitteplassar i ein «kafédel».