Det seier Tor Trønnes ved politikontoret i Lom, som er interessert i tips, etter at politiet har fått melding om ein båtmotor som er stole på Lemonsjøen i Vågå.

– Tjuveriet skjedde på austsida av vatnet, altså på riksvegsida. Båtmotoren var festa med hengelås. Einkvan har klipt denne og reist med motoren, seier Trønnes.

Han fortel at eigaren oppdaga tjuveriet måndagseftan denne veka, og at tjuveriet har skjedd ein eller annan gong frå tysdag i førre veke.

Tor Trønnes ber nå folk som meiner dei kan ha sett mistenkeleg trafikk og personar i området førre veke, om å ta kontakt. Han ber også folk som har båt på Lemonsjøen om å sjekke at alt er som det skal.

– Dette er enkle objekt å ta, og det er viktig å sikre båtar og motorar mot tjuveri, seier Trønnes.