Førre laurdag flytta ein mann på sperresteinane som er plassert ved bommen på Vågå-sida på Slådalsvegen som går mellom Vågå og Lesja.

– Vedkomande har flytta vekk fleire steinar slik at det har vorte fri passasje for trafikken ved sidan av den elektriske bommen, fortel ingeniør i Vågå kommune Simen Kleiven.

Han fryktar at mange viktige bompengar kan ha gått tapt sidan det var stor trafikk på Slådalsvegen denne helga grunna landsskyttarstemnet på Lesja.

Vågå kommune har bestemt seg for å melde ugjerninga til politiet. Dette blir gjort denne veka.

– Vi har det heile på film, sidan det er kamera på staden, og har funne ut kven mannen er. Nå må han førebu seg på å gjere opp for seg, fortel Kleiven.

Mest truleg må kommunen leige inn montør og entreprenør for å få på plass att dei tunge steinane ved bommen, noko Kleiven meiner mannen som har fjerna dei må betale for.

– Dette er truleg prat om fleire tusen kroner, seier Simen Kleiven.

Ingeniøren i Vågå kommune fortel at dette ikkje er fyrste gongen at det blir gjort hærverk ved bommen til Slådalsvegen.

– Det har vore nokre hendingar tidlegare, men vi har aldri teke saka vidare til politiet. Men nå har vi sett oss så lei på desse hendingane at vi har valt å anmelde det som vart gjort førre helg. Vi vil også fylgje ekstra godt med på Slådalsvegen i tida framover, og anmelde alle eventuelle hærverk i framtida til politiet, seier ingeniør Simen Kleiven.