I eit brev til Lom kommune etterspør Aktiv i Lom moglegheita for å leige eit område med grense mot Sport1 Lom for å utvide det aktivitetstilbodet dei allereie har ved Sport 1.

Området Aktiv i Lom søkjer om å få leige, er regulert for ein eventuell framtidig vegtrasé. Aktiv i Lom er kjende med dette, og skriv at føremålet med området er å leggje til rette for enkle aktivitetar som ikkje inneber at området blir øydelagd og ikkje kan gjerast om att, dersom eit leigeførehald blir avslutta.

Aktiv i Lom har tankar om å tilby fleire aktivitetar som kan femne fleire gjestar.

Heilt konkret ynskjer firmaet å leggje tilrette for ein slags motorikkpark med tråbil-bane og enkle klatre-element for både små og store.

– Som fylgje av dette vil heile området bli pynta på, og framstå som langt meir å kvile auga på enn nå, skriv dagleg leiar Jan Slålien i Aktiv i Lom, i brevet til Lom kommune.

Aktiv i Lom ynskjer å høyre frå Lom kommune i høve moglegheita for å gå vidare med ideane sine, og eventuelt pris på leige.

Firmaet ber også om at dei får ei rettleiing i høve korleis dei skal gå fram for å søkje om eventuelt å få etablert ei tråbil-bane.