Uhellet vart meldt til politiet av sjåføren, som hadde trekt dyret ut av vegbana.
Da dyret skulle fjernast, var det borte.
– Det er uheldig at nokon tek seg til rette på denne måten, for det fyrste kan det bli usikkerheit om dyret faktisk var daudt eller om det må setjast i gang ettersøk. For det andre er trafikkdrepen hjortevilt kommunal eigedom, seier plan- og miljøvernrådgjevar Sander Sælthun i Lom kommune.
Fallviltgruppa vil vurdere om dyret kan nyttast som mat eller om det må kasserast. Kommunen er pålagt å rapportere inn dyreart, alder, kjønn og nøyaktig ulykkesstad, slik at mellom anna Statens vegvesen får hendinga inn i statistikken sin.
– Difor, seier Sælthun, når hjort, elg, rådyr eller rein blir påkjørt - varsle politiet. Dyret vil da bli fjerna, eller det vil bli sett i gang ettersøk av fallviltgruppa i løpet av stutt tid.