Det syner statistikken frå Vågå fjellstyre over fiskekortsalet i 2015. Det er felles fiskekort for elvar og vatn i Langmorkje statsallmenning og Vågå kommune sine eigedomsvatn Flatningen, Nedre Sjodalsvatn og Gjende med osen og elva ned til Øvre Sjodalsvatn. Kortet gjev også rett til fiske i Diprtjønn og elva Dipra i Nordherad statsallmenning.
For utanbygdsbuande er det tilbod om stongfiske i alle vatn og elvar, garn- og oterfiske på: Veslvatnet, Melingen, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet, Brurskarstjønn og Øvre Leirungen. I tillegg kan utanbygds fiske med oter på: Kvitingen, Surtningen, Nedre Sjodalsvatnet, Øvre Sjodalsvatnet, Nedre Leirungen, Bessvatnet, Leirungstjønnen og Svartdalstjønnen.
Statistikken syner ein nedgang i talet på selde stongkort frå 1.793 kort i 2014 til 1.672 i 2015. Fjellstyret skriv på si heimeside at dette skuldast nok mykje den spesielt seine sommaren i fjor.
Samanlikna med toppåret 2009 har talet på fiskekort for stongfiske gått ned med 637 kort.
Det var også ein liten nedgang i talet på selde kort til innanbygds, men det ligg likevel på same nivå, sett i forhold til dei siste ti åra.
For korttypen stong-/oter/garnfiske for utanbygds, har det vore ein auke. Totalt 221 selde kort mot 157 kort året før. Ei heving i tilbodet med oterfiske på tre nye vatn er nok hovudårsaka til auken, i følgje fjellstyret.
– Oppsummeringa av kortblokkene viser at dei fleste som løyser denne korttypen er personar med tilknyting til området, som hytteeigarar i området, personar frå nabokommunar og utfløtte vagværar. Sjølv om det vart ein auke i kortsalet, må ein likevel kunne konkludere med at det ikkje vart noko synleg «rush» i oterfiske blant utanbygds på dei aktuelle vatna; Øvre og Nedre Sjodalsvatnet og Bessvatnet, skriv fjellstyret.