– Vi vil gjere det enklare og meir attraktivt for fjellfolket i Jotunheimen å nytte buss framfor bil, seier disponent Kristoffer Kvame i AS Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap (JVB), i ei pressemelding.

Valdresekspressen har inntil sju daglege avgangar mellom Oslo og Fagernes, fem til Beitostølen, og to til Årdal. Om sommaren blir ruta også køyrd over Valdresflye til Gjendesheim.

Frå 1. juli til 4. september vil Valdresekspressen forlenge ruta Oslo-Fagernes-Beitostølen via Gjendesheim til Lom og Leirvassbu. Opplandstrafikk har også jobba hardt slik at korrespondansane på fjellrutene frå mellom anna Lom til Spiterstulen og Juvasshytta blir betre.

– Vi trur dei reisande vil setje pris på det nye sommartilbodet, seier Kvame.

Det er to av Valdresekspressen sine daglege avgangar frå Oslo som blir forlenga. Éin til Lom og éin til Leirvassbu.

– Utvidinga av rutene kjem etter ynskje frå turistar og samarbeidspartnarar som saknar buss-samband spesielt mellom Gjendesheim og turisthyttene i Jotunheimens nordside. Med korresponderande bussruter frå andre destinasjonar i Jotunheimen, samt båtane på Bygdin og Gjende, skapar vi eit gedigent lyft i kollektivtilbodet i og rundt Jotunheimen, seier disponenten i JVB.

Det nye rutetilbodet opnar også heilt nye moglegheiter for å tilby organiserte turar med bagasjetransport mellom overnattingsbedrifter rundt heile Jotunheimen.

– Dette er eit tiltak som vil gi eit tydeleg lyft både når det gjeld å samarbeide om å vidareutvikle turismen i Jotunheimen, og å knyte bedriftene tettare saman. Eg håpar alle turistbedriftene langs ruta nå kastar seg rundt og skapar nye og utvida tilbod og aktivitetar. Dette er verkeleg årets nyttårsgåve til dei reisande og alle oss som har vårt virke i Jotunheimen, seier Christian Sulheim på Leirvassbu.

Ikkje berre vil fjellvandrarar få eit betre tilbod. Også turistbedrifter som Bessheim, Hindsæter, Glitterheim, Randsverk, Lemonsjøen og Brimiland vil få eit langt betre kollektivtilbod i sommarsesongen. Det er også mange privathytter og innbyggjarar langs ruta mellom Gjendesheim og Randen som vil få ein «bybuss» nesten på dørhella to gongar om dagen i sommarsesongen.

Valdresekspressen er ein del av rutenettet i Nor-Way Bussekspress og blir køyrd i samarbeid medllom JVB og Nettbuss Sør.

Den eine av Valdresekspressen sine daglege avgangar frå Oslo skal gå til Leirvassbu i sommarsesongen. Foto: Arve Danielsen/ Arkiv