Torsdag gjekk elevane rundt i Lom sentrum for å selje lodd på gevinstar dei har ordna med sjølve. Dei har laga plakatar med informasjon om regnskogen og kor viktig det er å gjera ein innsats.

– Det blir borte meir og meir regnskog. Noko må gjerast, seier dei engasjerte 9. klassingane. Valfaget «Innsats for andre» har dei to timar kvar veke. Somme gjer ein innsats på helseheimen, andre er hjå besteforeldre for å hjelpe til, eller dei pratar og spelar kort med andre eldre som set pris på selskap. Lærar for valfaget, Aud Sørhage, har teke initiativ til eit samarbeid med Ella Hoel ved Lom friviljugsentral. Friviljugsentralen har oversikt over kven som treng ein liten innsats frå andre, om det handlar om praktiske oppgåver eller sosialt samvær.

Sundag går TV-aksjonen av stabelen. Innsamlinga går til arbeidet for å redde regnskogen. Kvart år forsvinn det 46.000 kvadratkilometer regnskog. Det er 50.000 ulike treslag og over 300 papegøyeartar i regnskogen. Faktisk finst mellom 50 og 80 prosent av alle dyreartar og 80 prosent av alle kjende insektsartar i regnskogen. Mykje av maten vi et, kjem derifrå.