Ein så solid auke resulterer i at Glitterheim er blant dei fem DNT-hyttene i landet som hadde størst framgang frå 2016 til 2017. Det melder Den norske turistforening.

Jotunheimen er populær. Frå palmefredag 7. april til og med sundag 16. april var det 2.485 DNT-overnattingar i Jotunheimen. Det gjer Jotunheimen til det nest mest populære fjellområdet i landet. Berre Hardangervidda hadde fleire : 2.891. Skarvheimen plasserer seg på tredjeplass med 2.481 overnattingar.

– Fleire DNT-hytter har ein auke i antal besøkjande. Påska er tradisjonstid, og for mange blir det ikkje påske utan ein tur på fjellet. Vi ser at ein aktiv ferie med ski og utetid er noko mange vil ha, skriv DNT-generalsekretær Nils Øveraas i ei pressemelding.

Vaktmannskapet på Fjellredningsstasjonen i Lom har nå pakka saman og reist. Det same har helikopteret. Med unnatak av den store aksjonen skjærtorsdag, der to skikøyrarar vart hardt skadd på tur ned frå Styggehøe ved Spiterstulen, har vaktmannskapet hatt ganske rolege dagar.

Nokre «småting» har det rett nok vore. Blant anna har dei henta personar i fjellet som har vorte sjuke og har hatt behov for ambulanse- og legehjelp.

– Men alt i alt ei ganske roleg påske, oppsummerer Fjellredningssentralen i Lom.