Garmo grendaskule SA har søkt om å få starte opp privatskule på Tessand frå skulestart hausten 2019. Ein ser for seg hovudsakleg å rekruttere elevar frå Lom og Vågå og kanskje Skjåk og Sel. I søknaden er det fyrste omgang tenkt ein skule med 1. – 4. trinn, og ein set ein maksgrense for elevar på 30, ut frå kva det er plass til på skulen.

I eit brev til Utdanningsdirektoratet som skal behandle søknaden om privatskule, peikar sektorsjef Jan Egil Fossmo på ein del utfordringar ved etablering av ein ny skule i kommunen.

Fossmo skriv at Vågå kommune har avvikla tre grendeskular dei siste åra, grunna nedgang i elevtal. (Skogbygda, Sjårdalen og Tessand).

- Vågå kommune står framfor ein betydeleg nedgang i talet på grunnskuleelevar og har alt i dag høge kostnader per elev samanlikna med andre kommunar. Etablering av ein privatskule med elevar frå Vågå vil redusere inntektssida i kommunebudsjettet ytterlegare, og konsekvensane vil kunne bli ei nedlegging av Lalm skule for å kunne oppretthalde eit forsvarleg undervisningstilbod. Kommunen meiner at skulestrukturen slik den ligg i dag ikkje bør endrast med nye skular, både av faglege årsaker og økonomiske, skriv Fossmo.

Sektorsjefen i kommunen stiller seg tvilande til om skulebygget på Tessand vil fylle dei krava ein i dag har til godkjenning av skulebygg. Det har ikkje vore skule på Tessand sidan 2010, og barnehagen skal avviklast frå hausten 2018 på grunn av for fåe ungar.

I brevet til Utdanningsdirektoratet presiserer Fossmo at det ikkje er utarbeidd nokon leigeavtale med Garmo grendaskule SA.

Sektorsjef Fossmo skriv at kommunen valde å leggje ned dei tre grendeskulane og samle elevane ved Vågåmo skule, for å skape ein meir robust skule med tanke på kompetanseutvikling og handlingsrom for organisering. Han meiner at ei ny etableringa av privatskule på 1. – 4. trinn med optimalt 30 elevar vil fragmentere skuletilbodet til elevane i Vågå og gå på tvers av dei gode erfaringane kommunen har gjort ved tidlegare strukturendringar.

Fossmo skriv av Vågå kommune ønskjer at det skal vere heilskap og samanheng i opplæringsløpet, og at elevane møter profesjonelle lærarar med ein felles læringskultur. Da får elevane mest mogleg same bakgrunn når det gjeld fagleg utvikling og kjennskap til ulike arbeidsformer. Dette vil lette overgangen til ny skule med nye klassekameratar for elevane.

- Vågåskulen har i dag ein slik overgang mellom 7. og 8. trinn for elevar frå Lalm. Med ein privatskule på Tessanden, vil vi få nokre få elevar som skil lag med halvparten av klassekameratane sine for å skulle inn i ei større gruppe som alt har gått i lag i 4 år, med dei ekstra utfordringane det fører med seg. Vågå kommune ser dette som lite ynskjeleg, skriv Fossmo.

Han konkluderer med at ein rår i frå at det blir etablert ein privatskule på Tessand.

- Vågå kommune meiner at skulestrukturen slik den ligg i dag ikkje bør endrast med nye skular, både av faglege årsaker og økonomiske, skriv sektorsjef Jan Egil Fossmo i ein uttale til Utdanningsdirektoratet. Foto: Arve Danielsen/arkiv