Torsdag var niandeklassingar frå ungdomsskulane i Nord-Gudbrandsdalen samla i Vågåhallen og kulturhuset til Kokkekamp og elevbedriftsmesse.
20 elevbedrifter deltok under messen. Det var fyrste gong at dette skjer i regionen, og det var i samarbeid med Ungt Entreprenørskap i Oppland.
Det vart kåra vinnarar i tre kategoriar; beste profil, beste produkt/tenest og beste elevbedrift.
Nasjonalparkriket App EB frå Otta undgdomsskule gjekk til topp i alle tre kategoriar. Som beste elevbedrift får dei reise til regionmesse for elevbedrifter som blir arrangert på Strømmen Storsenter i slutten av mai.
I Kokkekampen var det tøff konkurranse blant dei sju skulane som deltok. Juryleiar Per ivar Berget var imponert over innsatsen til alle laga.
Lom ungdomsskule vart nummer tre, og dei var det laget som laga beste desserten.
Vågå ungdomsskule som vann for to år sidan, tok sin tredje andreplass i kokke-konkurransen. Dei hadde beste hovudretten.
Det laget som hadde beste kombinasjon av hovudrett og dessert, var Heidal ungdomsskule. Dei gjekk til topps i Kokkekampen og kunne stolt ta imot pokalen.