Det opplyser Meteorologisk institutt (MET), som har sendt ut gult farevarsel for kraftig snøfokk i fjellet i Sør-Noreg.

Frå natt til laurdag er det venta lokal snøfokk på grunn av sterk vind frå vest og snøbyger.

– På sundag kjem det inn ein front med snø og stigande snøgrense, midt på dagen blir det regn under omtrent 1.000 meter. Sundag kveld går temperaturen ned att, og det blir overgang til snøbyger, opplyser MET.

Vêret laurdag og sundag kan føre til redusert sikt, og det kan bli lokalt vanskelege køreforhold, grunna snø som pakkar seg i vegbana. Kolonnekøyring kan bli innført og vegar kan bli stengde på kort varsel.

MET ber trafikantar om å berekne ekstra god tid i helga, og oppmodar dei som skal over fjellovergangar om å halde seg oppdatert på vegmeldingane hjå Statens vegvesen.