I fylgje politiets operasjonssentral skal trafikkulykka ha skjedd på fylkesveg 51, rett sør for Ridderspranget i Sjodalen i Vågå.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 14, og naudetatar er på staden. Luftambulansen er også framme på staden.

– Ulykka framstår som alvorleg, opplyser politiet.

Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen opplyser at det er redusert framkomme på staden på grunn av ulykka.

Klokka 14.44 opplyser operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt at fem personar er involvert i ulykka; éin person på mc og fire personar i personbil.

I fylgje politiet blir det arbeidd med å få mc-føraren ut av terrenget. Dei fire personane i personbilen blir sjekka av helsepersonell på staden.

Rundt klokka 15.30 opplyser operasjonsleiar Per Solberg til Fjuken at éin person er frakta til sjukehuset med luftambulanse. Skadegraden er ukjent.

– Veit de noko om hendingsforløpet?

– Det har vore ein front mot front-kollisjon, der det eine køyretyet har kome over i motsett køyrebane. Det blir nå arbeidd på staden med undersøkingar og sporsikring. Medan dette arbeidet pågår vil vegen vera stengt, seier Solberg.

I fylgje politiet er ingen av dei involverte i ulykka heimehøyrande i vårt distrikt.

Det vart lange køar ved Ridderspranget. Foto: Fjuken-tipsar