Rådet fra snøskredvarslinga er klar: Unngå skredterreng dei neste dagane!

Det opplyser NVE i ei pressemelding.

Dei siste dagane har fleire snøskred vorte utløyst av skiløparar i Sør-Noreg. Både ved Gaustadtoppen og Lemonsjøen har det oppstått slike skred.

Snøobservasjonar i Varsom-appen viser også fareteikn som drønn og skytande sprekkar. Dette betyr at det er enkelt å løyse ut skred. Og sjølv om skiløparar går i slakt terreng, kan ein fjernutløyse skred som losnar i bratt terreng i nærleiken.

Unngå skredterreng

Vaktleiar Ingrid Skrede i NVE si snøskredvarsling fortel at ein bør planleggje turen utanom skredterreng dersom ein skal ut på ski dei neste dagane.

– Du kan gjerne dra ut på tur, men planlegg turen utanom skredterreng. Med skredterreng meiner vi både dei områda der det er bratt nok til at skred losnar, altså losneområda, men også terrenget under, der skreda stoppar opp, seier Skrede.

I fleire regionar blir det varsla at skred som losnar kan bli middels store, såkalla storleik 2 skred, eller at skredfara er moderat.

Likevel bør skikøyrara vera forsiktige.

– Hugs også at sjølv middels store skred kan begrave og ta livet av ein person. Sjølv om skredfara er moderat, er det ikkje trygt. Tidleg på sesongen kan også oppstikkande stein og terrengfellar føre til at små skred er farlege, seier vaktleiaren i NVE si snøskredvarsling.

Hald deg oppdatert

Lurar du på kvar det er skredterreng kan Varsom-appen vera eit godt hjelpemiddel. Denne er gratis.

Fylg med på oppdaterte snøskredvarslar på varsom.no. Her oppdaterer NVE snøskredvarsla før klokka 16 kvar dag.