Det skal ikkje skje, uansett om ein står i ro eller ikkje.

– Bota for telefonbruk har vorte skyhøgt med god grunn. Det er fordi det er utruleg risikabelt, seier fagsjef på motor i Frende Forsikring, Roger Ytre-Hauge.

Straffa er bot på 9.700 kroner og tre prikkar i førarkortet.

– Distraksjonar er noko av det farlegaste når ein er i trafikken. Anten det er mobilen eller andre ting som uroar, så kan det ende i djupt tragiske ulykker med drepne og hardt skadde, seier daglig leiar i Trafikksikkerhetsforeningen, Geirr Tangstad-Holdal.

– Vi veit frå tidlegare undersøkingar at dårleg merksemd var ein medverkande årsak i ei av tre dødsulykker frå 2011 til 2015. Det er mange, seier han.

Kan det vera at nordmenn ikkje veit at det er ulovleg å sjekke mobilen når dei står i ro på raudt ljos? Eller når dei står i ro i kø? Slett ikkje!

– I undersøkinga som Norstat har gjort for oss blant 1.007 nordmenn svarar dei også på om dei veit akkurat når dei bryt lova. 95 prosent seier at dei har kontroll på reglane for mobilbruk i bil. Da er det skremmande at nesten halvparten også seier at dei bryt dei med viten og vilje, seier Roger Ytre-Hauge.

– Mobil og bil høyrer ikkje saman, med mindre den står fast i ein haldar. Viss du må sjekke ei melding, bytte podkast eller ta ein telefon skal du køyre til sida og stoppe heilt opp. Du skal ikkje vera i trafikkbildet når du sjekkar mobilen, seier fagsjefen i Frende.

Det er i Innlandet at flest bryt mobilreglane bak rattet - heile 57 prosent.

(Pressemelding)