Det var ei stund før klokka 10 fredag at politiet fekk melding om eit trafikkuhell på riksveg 15, rett aust for kommunegrensa mellom Lom og Skjåk.

I fylgje operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt skal ein einsleg bil ha køyrd i autovernet.

– Naudetatane er på staden. Framstår ikkje som personskade, opplyser politiet.