Nyttårseftan nærmar seg, og som andre stader i landet er det også i Ottadalen mange som har som tradisjon å sende opp fyrverkeri denne kvelden, for å feire inngangen til eit nytt år.

Men det er på ingen måte fritt fram for når ein kan sende opp fyrverkeri på årets siste dag.

I fylgje forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff, kan det avfyrast fyrverkeri i eit tidsrom på 8 timar. Det er nyttårseftan frå klokka 18.00 til 02.00.

Det er i nokre kommunar derimot ytterlegare avgrensingar, i form av ei fastsett politivedtekt. Ei politivedtekt er ei lokal vedtekt for ein kommune, som er vedteke av kommunestyret og godkjent av Justisdepartementet.

I dei kommunane som har ei fastsett politivedtekt, er det difor politivedtektene som bestemmer kva tidsrom det er lov å sende opp fyrverkeri på nyttårskvelden.

Alle tre kommunane i Ottadalen har politivedtekter der bruk av fyrverkeri er nemnd.

Brot på forskrifta kan føre til straff. Etter politilova §42 andre ledd, kan brot «straffast med bot eller fengsel i inntil 3 månader». Kor stor bota blir, er opp til kvart enkelt politidistrikt å avgjera.

Dette seier politivedtektene i Ottadalen om bruk av fyrverkeri:

Skjåk

«På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode å brenne av krut, fyrverkeri eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve. Det er likevel tillate å brenne av fyrverkeri ein time før og ein time etter kl. 24 nyttårskvelden

Lom

«På, ut over eller like attmed offentlig stad er det forbode å brenne av krut, fyrverkeri eller eksplosive stoff utan at politiet har gjeve løyve. Det er ikkje eit slikt krav om løyve for godkjent fyrverkeri som skal nyttast i tidsrommet 31. desember kl. 20.00 til 1. januar kl. 01.00.»

Vågå

«På eller like attmed offentleg stad er det forbode å brenne av krut, fyrverkeri eller eksplosive stoffar utan at politiet har gjeve løyve. Ikkje naudsynt å ha løyve for bruk av fyrverkeri i perioden 31. desember frå kl. 20.00 til 1. januar kl. 02.00 med mindre brannsjefen har nedlagt forbod

(Kjelde: Politiet/Lovdata)