I 18 år har Mathilde Skamsar hatt salsutstilling på Galleri Mathilde i Bøstugu i Bismo. Laurdag var siste opningsdag for årets Skjåkutstilling der i alt 17 utstillarar, alle med tilknyting til Ottadalen, har vore representert med maleri og bilde, glas, tredreiingsprodukt og anna.

– Det har vore ein del mindre trafikk i år, og svært få lokale som har vore innom utstillinga, seier Mathilde Skamsar.

Ho fortel om mindre sal, og lurar på om besøkssvikten har med vêret å gjere, eller om det er andre grunnar til at det har vore ein nedgang på så mykje som ein tredjedel i år.

– Nå må eg rett og slett i tenkjeboksen og finne ut om eg skal halde fram med denne utstillinga til neste år, eller kva eg skal gjere, seier Skamsar.

Ho har ikkje lyst til å gjeva seg etter alle desse åra, men fortel at det er utfordrande å drive Skjåkutstillinga.

– Det ligg svært mykje arbeid bak denne utstillinga, og eg driv på rein idealisme. Eg er heldig som har utstillingslokale sjølv og slepp å leie ein plass å vera. Da hadde det ikkje gått rundt økonomisk, fortel Skamsar.

Mange gler seg over Skjåkutstillinga kvart år, og for mange har det vorte ein tradisjon å besøke den kollektive salsutstillinga i Bismo.

– Men det er alle andre da. Det er vanskeleg å drive noko og få folk til å stoppe opp. Nei, det er ikkje lett, så nå lyt eg berre tenkje på kva eg skal gjere vidare, sluttar Mathilde Skamsar.