Det vart sett i gang ein større aksjon, med luftambulanse og redningsmannskap, da det 22. april gjekk eit steinsprang i skåret opp mot Bispberget i Skjåk. Det var sett folk i området tidlegare på dagen, men heldigvis vart ingen råka av dei store steinmassene som rasa ut.
Nå er ikkje steinsprang noko nytt korkje i Bispberget eller frå andre fjellsider i Ottadalen, men det er verd å vera klar over enkelte stader kan vera meir utsett enn andre.
Over gjeldande sti er det store overhengande berg med sprekkar, og issprenging vil gjera at det før eller seinare vil koma meir her. Stien er fint farbar, men delar av han er dekt av større eller mindre stein frå spranget.