Klokka 00.45 natt til sundag fekk politiet melding om nokre gjestar på Nordalsfjoset Pub i Lom som skapte kvalm for andre gjestar og vakter.

I fylgje operasjonsleiaren ved Gudbrandsdal politidistrikt gjekk dette på drikking og handbak.

Ein patrulje reiste til Nordalsfjoset, og gav tre lokale menn beskjed om å forlate puben. Dei var ikkje samde i politiet si avgjerd, men aksepterte likevel bortvisinga.