Det vart spøkt om slagsmål og ville festar på Lalm før i tida, før folkemøtet om kommuneplanen på samfunnshuset tysdag ettermiddag. Så gale gjekk det ikkje, men temperaturen vart høg.

Det var stort frammøte av folk, der mange nok hadde sett fram til debatt og meiningsytringar om forslaget frå Arbeidarpartiet og Bygdalista, der dei har redusert arealet for detaljvarehandel og lagt inn hotell på den nedre delen av Brustugujordet.

Det var avisa Norddalen som presenterte planane førre veka. I forslaget har AP og Bygdalista redusert arealet for detaljvarehandel frå 41 til 14 dekar. I tillegg har dei justert grensa for kor stort ein kan byggje; ei halvering med inntil 3.000 kvadratmeter.

Plan- og miljørådgjevar Laila Nersveen og kommunalsjef Pål Inge Sanden frå administrasjonen orienterte om revisjon av kommuneplanen som er ute på andre gongs høyring med frist til 13. februar til å uttale seg. Dei gjorde det klart at møtet skulle dreie seg informasjon om planen og spørsmål rundt denne.

Fylkesutvalet i Oppland opprettheld i møte tysdag si motsegn til utviding av sentrumssona med ei avgrensing på 1.500 kvadratmeter stort bygg for detaljhandel.

I følgje Nersveen og Sanden vil det om kommunestyret opprettheld sitt opphavlege vedtak frå desember, eller om ein går inn for det nye forslaget frå Ap og Bygdalista, ende med at saka går til mekling og vidare til departementet for avgjerd.

Folkemøtet samla kring 80 personar, der mange - om ikkje dei fleste kom for å høyre om forslaget frå AP og Bygdalista. Det fekk dei ikkje. Neersveen og Sanden heldt på at møtet skulle handle om forslaget til kommuneplan som ligg ute til høyring. Nye innspel ville fyrst koma under behandlinga i kommunestyret. Dette fekk fleire til å hevde at politikarane held dei for narr.

– Er dette eit politisk innspel som har kome for å forvirre oss i prosessen? var det nokon som spurte. Temperaturen vart såpass høg at folk gjekk frå møtet i sinne. Til slutt reiste utvalsleiar og lokalpolitikar Harald Sve Bjørndal seg og bad folk å tenkje seg om i måten dei prata til kvarandre på.

– Det er god tid til å koma med argument til planen. Ein kjem ingen veg med å vere ufin, sa Bjørndal.