– Eg har ikkje høyrd om farsdag, men veit kva det er! seier Thyra Isabel Brandsar.Saman med Margrethe Kveen og Thomas Teigen er ho klar for å feire farsdagen i dag, sundag.

Dei tre fyrsteklassingane på Marlo skule i Skjåk lovar å vere greie med pappaene sine.

– Pappa skal få ei sjokolade, så slepp han å ete opp min. For det gjer han nemleg heile tida, seier Margrethe.

– Eg veit ikkje om pappa har gebiss. Det trur eg ikkje, for da hadde han vel vore på gamleheimen, og dit skal han ikkje før han er 90 år gamal, seier Thomas.

– Når pappa blir så gamal at han bur på gamleheimen blir det litt verre å feire farsdag, for da sit han i rullestol, og hugsar ikkje at han er pappa, seier Thyra.

Les heile praten med dei tre fyrsteklassingane i papiravisa.