Stortingspresident Olemic Thommessen frå Lillehammer er ein habil fiolinist, og hadde øvd inn reinlendaren «Vårdøl'n» som han spelte saman med Lom spelmannslag under opninga onsdag kveld. Mange hundre personar hadde møtt fram i idrettshallen i fleirbrukshuset Utgard for å vere med på opninga av Landsfestivalen i gammaldansmusikk som også baud på musikalske innslag av Lom juniorspelmannslag og Lom toradergruppe, og talar.

Etter den offisielle opninga inne i hallen, vart alle invitert ned i matteltet der det var dekka eit gildt buffébord med lokalprodusert mat. Arne Brimi varta opp med fleire spennande rettar, gjort på sin eigen måte, slik han er kjend for.

Opningsdagen vart avslutta med dans etter lokale grupper og lag. Her deltok både unge og gamle spelmenn.

Over 900 deltakarar og langt bortimot 500 friviljuge er med på Landsfestivalen i gammaldansmusikk som går fram til sundag. Det er Lom spel- og dansarlag som har fått oppdraget med å arrangere årets landsfestival, som er ein ambulerande festival i regi av organisasjonen FolkOrg.

Det er også venta mange publikumarar til festivalarenaen dagane framover. Festivalsjef Grete Sjurgard reknar med mellom to og to og eit halvt tusen publikumarar både fredag og laurdag.

Programmet for festivalen er tettpakka. Kvar dag blir det gjennomført tevlingar både for spelmenn og dansarar. Heile tre cd-ar skal sleppast under Landsfestivalen: «Slåttemusikk frå Lom» torsdag, «Rustad/ Nilssen/ Ranøien» fredag, og «Lendmenn» laurdag. Laurdag blir det også Ladefestival. Dette er eit uformelt arrangement der ungar som driv med folkemusikk og som er for unge til å delta på sjølve festivalen får spele. I staden for poeng får dei unge deltakarane sjokolade og diplom for innsatsen.

Kvar kveld gjennom Landsfestivalen blir det finalespel, der dei beste frå kvalifiseringane på dagtid deltek. Dei beste finalistane får delta på ein stor Meisterkonsert sundag ettermiddag, som er avslutninga på festivalen.

Konsert blir det også fredag kveld. «Frå fyst til nå nyst» er ein konsert som gjev smakebitar av kva musikken i Lom har hatt å by på dei siste 150 åra. I løpet av konserten møter ein kjente menneske og musikken deira, mellom andre Fel-Jakup, per Spelmann, Ola Moløkken, Sjugurd Garmo, Erling Kjøk og Hans W. Brimi.

Sundag morgon blir det folkemusikkmesse i Lomskyrkja der fleire solistar og grupper deltek. Her vil NRK gjere opptak, og gudstenesta vil bli sendt på radio NRK P1 éin av dei fyrste sundagane etter festivalen.

Elles blir det sjølvsagt dans og musikk kvar einaste kveld - ut i dei seine nattetimer.

Arne Brimi stelte til fleire rettar til svoltne festivaldeltakarar under opninga. Foto: Tom Erik Solstad
Det var eit gildt buffébord som sto dekka i matteltet onsdag kveld. Foto: Tom Erik Solstad
Stortingspresident Olemic Thommessen (til høgre) er ein habil fiolinist og spelte «Vårdøl'n» saman med Lom spelmannslag under opninga. Foto: Tom Erik Solstad
Det var bra med liv på Landsfestivalen allereie onsdag kveld. Foto: Tom Erik Solstad