Skjåk kommune har utfordringar med vassproduksjonen tysdag morgon, og kommunen har innført vatningsforbod for alle abonnentar i Bismo.

Årsaka til vatningsforbodet er at pumpesystema i vassproduksjonsanlegget for Bismo har brote saman i løpet av natta.

Skjåk kommune opplyser at feilen er lokalisert og at det pågår reparasjonsarbeid. Det må påreknast at resten av dagen går med til dette.

– Abonentane i Bismo blir bedne om å berre bruke vatn til dei absolutt mest naudsynte behova. Høgdebassenget er fullt, men det blir fort brukt opp dersom vi ikkje avgrensar bruken kraftig, melder Skjåk kommune.

Alle råka abonnentar har fått tilsendt informasjon via kommunen sitt varslingssystem. Vatningsforbodet gjeld fram til ny beskjed blir gjeve.