Det seier IT-tryggleikssjef i Frende Forsikring, Tron Ingebrigtsen.

Ifølgje Økokrim har talet på anmeldelsar for digitale bedrageri auka med 60 prosent dei siste ti åra, og dei forventar at utviklinga berre held fram.

Automatisering

Automatisering gjer at svindlarane kan jobbe raskare og nå ut til fleire. Til fleire dei når, til fleire klarar dei å lure. Ein automatisert svindelmetode er ofte knytt til hendingar i kvardagen din som gjer deg lettare å lure.

– Rundt skattemeldingstider kan det koma ein SMS som seier «logg inn med bankID her for å sjekke hva du får igjen på skatten». Rundt ferietider blir det gjerne sendt ut meldingar med noko slikt som «logg inn med BankID her for å bestille tid til nytt pass», seier Jerstad.

– SMS-svindel blir stadig meir brukt og i ei undersøking Frende har fått utført seier heile 91 prosent av 1.007 spurte nordmenn at dei har vorte kontakta av denne typen svindlarar, seier Tron Ingebrigtsen. Undersøkinga er gjennomført av Norstat.

Kunstig intelligens prøver å lure deg

Sjølv om intelligensen er aldri så kunstig blir den stadig meir lik oss menneske. Du kan for eksempel få ei stemmemelding av nokon som høyres heilt ut som bror din.

– Stemmen kan si noko slik som «Jeg har mistet mobilen og trenger taxipenger. Jeg kommer meg ikke hjem! Kan du vippse 500 kroner til dette nummeret. Har lånt telefon av en kamerat?» Men det er ein stemmekopi, laga av kunstig intelligens. Denne metoden er ikkje veldig utbreidd i Noreg ennå, men ver merksam viss du plutseleg byrjar å få talemeldingar tilsendt med spørsmål om pengar, seier Jerstad.

Såkalla generativ kunstig intelligens er ein annen hjelpar svindlarane brukar i 2024.

– ChatGPT er ein slik app og den skriv perfekte tekstar på to sekund. Skrivefeila, som elles ville ha trigg alarmklokkene dine, er borte, seier Tron Ingebrigtsen i Frende.

Svindel på sosiale medium

Facebook er ein annan stad du må passe på.

– Der er det tusenvis av svindelvariantar. Vi trur at direktemeldingar frå ein hacka konto blir brukt mykje i år også. Messenger er ein kanal svindlarane elskar. Grunnen er at det er mykje meir truleg å få deg på kroken viss meldinga kjem frå ein du trur du kjenner, seier Tina Jerstad i Tenerity.

Det er BankIDen din dei vil ha tak i nå

– Å lure oppegåande menneske til å gje svindlarane tilgang til BankIDen var ein svindelmetode som traff Noreg i 2019, seier Tron Ingebrigtsen i Frende Forsikring.

– Den gjorde at mange opplevde at bankkontoen vart tømt, seier han.

Tenerity seier at talet saker der ofra gjev bort eigen BankID har tidobla seg på få år. Ofra er heilt uvitande om at dei gjev bort tilgangen til nettbanken sin.

– Eg forstår godt at folk går i fella. Når telefonen viser at det er politiet som ringer, så svarar du. Når banken sender ei melding og seier at dei vil stoppe eit svindelforsøk mot deg, så blir mange glade og gjer som dei seier, seier Tina Jerstad.

– Men ha i bakhovudet at det kan vera lureri når nokon ber deg oppgje BankID. Be om litt tid og si at du ringer dei opp att. Så ringer du dei som liksom ringte deg opp att, og sjekkar om dei faktisk har teke kontakt med deg, seier Tron Ingebrigtsen.

Dei gode nyheitene

• Kunstig intelligens kan også brukast for å halde dei kriminelle ute av systema.

•Teleoperatørane jobbar med å sperre for anrop frå svindelaktørar. Dette vil redusere mengda falske SMSar og samtaler frå svindlarar som maskerer avsendar.

•Du er betre verna enn før viss du går på ein smell. Den nye finansavtalelova gjer at bankkundar får dekt heile tapet, minus ein eigendel, viss dei blir offer for svindel og misbruk av BankID. Eigendelen varierer ut frå kor uaktsam du har vore.

•Politiet etterforskar svindelsaker. Til fleire meldingar dei får, til enklare er det å avsløre bander. Du bidreg til bekjemping av nettkriminalitet ved å melde det du opplever.

•Dei to siste åra har talet saker der uvedkomande kjøper varer eller låner pengar i ditt namn gått kraftig ned.

(Pressemelding)