– Som sjåfør er du ansvarleg for at køyretyet har tilstrekkeleg veggrep heile året, og kravet om tilstrekkeleg veggrep veg tyngre enn fristane for når piggdekk kan brukast, seier kommunikasjonsrådgjevar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring i ei pressemelding.

I fylgje vegtrafikklova er det i Sør-Noreg lovleg å køyre med piggdekk frå og med 1. november til og med fyrste sundag etter 2. påskedag.

Men sjølv om temperaturen stig i låglandet, har ikkje vinteren heilt sleppt taket alle stader. I høgda og på fjellet er det framleis fare for nattefrost og nedbør som snø, noko som kan bety at det kan vera lurt å framleis ha piggdekka på.

Dersom føret krev det, er det i fylgje vegtrafikklova tillate å bruke piggdekk og kjetting utanom dei fastsette datoane.

Men er føret bra, skal piggdekka altså av i løpet av dagen.

I fylgje Tryg Forsikring skjer det kvart år fleire ulykkar i trafikken i samband med omlegging av dekk og hjulskift.

– Våre skadetal indikerer at mange hundre bilistar årleg opplever at eit hjul losnar og faller av, eller nesten av, like etter at ein har skifta. Det er altfor mange som gløymer å ettertrekke hjulboltane når dei har køyrd nokre kilometer, og da kan boltane losne og hjul falle av i fart, noko som i verste fall kan få katastrofale følgjer, seier kommunikasjonsrådgjevaren i Tryg Forsikring.

Medan vegtrafikklova seier at mønsterdjupna skal vera minst 1,6 millimeter på sommardekk, rår Tryg Forsikring til ei djupne på minst det dobbelte.