– Det har vore lagt ned ein stor innsats frå alle i lomssamfunnet den siste veka. Kriseleiinga vil rette ein stor takk til alle. Vi har alle opplevd kor avgjerande felles innsats er for at alle skal føle seg ivareteke og trygge gjennom slike dagar, heiter det i ei melding på kommunens heimesida

Kommunen har, som mange andre fått mange spørsmål om vegsambandet den siste veka.

– For å betre kunne informere om fylkesvegane, vil det bli ein heilheitleg gjennomgang med Innlandet Fylkeskommune forhåpentlegvis i dag. Meir informasjon kjem så fort vi har nye opplysningar, skriv kommunen vidare og syner elles til vegvesenet si nettside.

Elles blir det opplyst at arbeidet med rydding av rasvollane ved Ulstad og Gjeisar held fram, og at ferdselsforbodet ovanfor Gjeisar og Ulstad fortsatt er gjeldande. Det vil bli gjort ny vurdering frå politiet onsdag denne veka.

Lom kommune avvikla krisestaben måndag, men følgjer fortsatt vêrprognosane og situasjonen tett. Framover vil det bli arbeidd med etterarbeid, evaluering og reperasjonar på infrastrukturen.