– Ved å vera merksame og ta enkle forholdsreglar som å låse dører, bruke alarm, ha dialog med naboar om når ein er borte og å ljossetja boligen, spesielt utanfor kan gjera at tjuvar reiser vidare, seier Ane Bræin Aas, seksjonsleiar forebyggande i Innlandet politidistrikt.

I 2022 registrerte Innlandet politidistrikt 13, 21 og 25 meldingar for grove tjuveri frå bolig/bedrift/fritidsbolig i august, september og oktober. I år er talet på meldingar for dei tre månadene 24, 41 og 20.

– Fleire av forholda skjedde på ettermiddag og kveld, men truleg også nokre på dagtid. Det er grunn til å tru at gjerningsperson(ane) har gjort undersøkingar/rekognosering i forkant, truleg kort tid før innbrotet, seier Aas.

I fleire tilfelle har gjerningsperson(ane) kome seg inn ved å bryte opp vindauge/verandadør, og da ofte i skjerma område med lite eller ingen innsyn.

Gjerningsperson(ane) er ute etter lett omsetjeleg gods slik som smykke, sølvtøy, bunadssølv og kontantar. Synleg elektronikk har vorte liggjande att.

– Nå går vi inn i ei travel førjulstid der mange reiser og har gjeremål som fører til mindre opphald i eigen bolig, og det blir tidlegare myrkt. Derfor ynskjer vi å oppfordre innbyggjarane til å vera årvakne og følgje med både hjå seg sjølv og hjå naboen, seier Aas.

Politiet oppfordrar alle til å anmelde, sjølv om mange kan oppleve at saka blir henlagt etter stutt tid.

– At saka blir henlagt, betyr ikkje at den blir gløymt. Vi har stort fokus på grove tjuveri, og vi deler informasjon på tvers av distrikt og einingar. Ved beslag av tjuvegods, blir det enklare for oss å tilbakeføre eigedelane til rettmessig eigar viss saka er meldt, seier Aas.