Etter ein mangeårig diskusjon er det nå stemt over kvar sjukehusa i Innlandet skal ligge i framtida.

På bordet låg alternativa Mjøssjukehus i Moelv eller det såkalla null-pluss alternativet.

Styret i Helse Sør-Øst går altså for Moelv, noko som betyr at dei to største byane, Hamar og Gjøvik, kan miste sine sjukehus.

Nå er det opp til helseministeren og regjeringa å ta den endelege avgjerda.

– Sjansen for å gå for noko anna enn dette vedtaket er teoretisk til stades, men eg trur det vil vera store omkostningar for ein helseminister frå Arbeiderpartiet om ein skal begrunne at vedtaket skal overprøvast, seier politisk kommentator Lars Nehru Sand til NRK.

Hamar-ordførar Busterud vil likevel ikkje gje opp kampen om eit sjukehus på Hamar.