Om du har kontakta Fjuken per telefon eller epost om abonnement, er det Asta Brimi du har treft – og fått fiksa ting.

Slik blir det ikkje frå 1. desember. Nummeret du ringer, eller epostadressa du brukar, vil vera det same, men det er eit kundesenter i Trondheim som vil ordne opp i eventuelle spørsmål knytt til abonnement.

Grunnen til at det blir slik er at Asta rett og slett går stad og pensjonerer seg.

Vi seier på ingen måte takk for laget til Asta med denne notisen. Når det lir uti neste månad kan vi lova ein fyldig hyllest til mor Fjuken.

Asta har som kjent vore med sidan «tidenes morgen» i lokalavisa for Ottadalen.