Det opplyser SJ Norge i ei pressemelding.

Ekstremvêret «Hans» råka som kjent Dovrebanen hardt i august, og jernbanebrua på Ringebu kollapsa. Det gjekk også fleire mindre jordras på Dovrebanen i etterkant av ekstremvêret.

Konsekvensane har vore buss for tog mellom Dombås og Lillehammer.

Dovrebanen har gått for halv maskin i over to månader. Bane NOR har arbeidd med å utbetre skadene etter ekstremvêret, slik at toga kan køyrast også mellom Dombås og Ringebu.

Nå opplyser SJ Norge at denne strekninga vil bli opna att for togtrafikk måndag 30. oktober. Frå denne datoen vil det da bli buss for tog berre mellom Ringebu og Lillehammer på Dovrebanen.

– Vi er svært glade for at vi frå 30. oktober kan køyre tog mellom Ringebu og Trondheim. Det er viktig for kundane våre og for oss. Bussturen mellom Dombås og Lillehammer i dag tek opp mot 2,5 timar. Mellom Ringebu og Lillehammer vil det ta berre ein time, seier informasjonssjef i SJ Norge, Hilde Lyng.

Sidan det nå også blir køyrd tog mellom Dombås og Ringebu, betyr det at avgangstidene og rutetabellane på både Dovrebanen og Raumabanen er justert. SJ Norge oppmodar difor reisande om å sjekke dei oppdaterte rutetidene.

Bane NOR og Statens vegvesen jobbar elles med å gjenopne Fåvang stasjon, som ikkje har vore i bruk på mange år. Det er ikkje kjent når Fåvang stasjon kan takast i bruk, men når dette skjer vil det på Dovrebanen bli buss for tog berre mellom Ringebu og Fåvang, noko som i fylgje SJ Norge betyr ein busstur på berre 11 minutt.