Namn: Line Olsen

Alder: Snart 13 år

Klasse: 8. klasse på Vågå ungdomsskule

Bustad: Nordherad

Hobby: Handball og vener

Ser fram til: Gebursdagen sin den 3.november, og til jul.– Jula er ei triveleg tid, der ein er mykje saman med familien.

Kva er mest spennande med Vågå?– At vi ungdomane har så mange plassar der vi kan treffast. Også skjer det stadig nye ting her. Det skjer kanskje litt for lite for ungdom, enkelte gongar, men jamnt over er det bra.

Kva manglar Vågå?– Litt fleire butikkar med betre utval. Da tenkjer eg særleg på klede til ungdom. Nå må vi reise til Otta eller lenger for å handle oss klede.

Kva brukar du mest tid på?– Telefonen min. Eg føler sjølv at eg brukar for mykje tid på den. Andre tykkjer det også, forresten. Eg får stadig kommentarar frå mamma og pappa om at eg bør leggje den frå meg. Telefonen brukar eg til å prate med vener og til å sjå på seriar. Mellom anna. Eg brukar mobilen mange timar om dagen. Er avhengig av den, og ville fått store problem om eg hadde mista den.Frå kva alder definerast ein person som «gamal»?– 50 år. Eller kanskje ikkje? Mamma er jo snart 50, men eg føler ikkje at ho er gamal. Nei, det kjem nok litt an på.

Kva vil du bli?– I alle år har det vore lærar eg har sagt eg vil bli. Etterkvart som eg har vorte eldre, har eg vorte meir usikker på det. Men det er nok lærar eg kjem til å satse på å bli, for eg har ikkje noko anna eg tenkjer på å bli per i dag.

Kva er det beste med å vera ung?– Å ha ganske frie tøylar, og sleppe å betale for seg.

Kva er det verste med å vera ung?– Alle forandringar som skjer med kroppen, og at ein ofte blir usikker på seg sjølv. Mange av dei forandringane som skjer frå du er unge til du blir vaksen, er uforklarlege.

Kva er du redd?– Eg er mørkredd. Det har eg støtt vore. Også er eg redd julenissen. Eg vart skremt av nissen da eg var 3 år, og sidan da har eg vore redd han.

Kva engasjerer deg?– Eg likar å sjå korleis verda forandrar seg, og følgjer ofte med i nyheitene. Akkurat nå tykkjer eg det er spennande med Nord-Korea og USA, og det dei driv med.

Kva må til for at unge skal lese meir papiravis?– Aftenposten Junior tykkjer eg er ei bra avis, for den er så fargerik og lettlesen. Vanskelege ord bør det bli mindre av i papiravisene. Skriv litt enklare, slik at alle aldersgrupper forstår det som står der.

Blir du verande i Vågå?– Ja, det trur eg. Eg har ein del familie her, så om eg flytter så blir det ikkje så langt, for det er viktig for meg å halde kontakten med familien.

Kva er favorittappen på mobiltelefonen din?– Snapchat. Der har eg både familie og vener på lista over dei eg fylgjer og dei som fylgjer meg. Eg fylgjer faktisk ein del kjendisar også. Eg tykkjer det er interessant å sjå kva dei driv med også, når dei ikkje er på tv.

Kva gjer deg trist?– Gravferder. Det likar eg ikkje å vera i. Det er heile stemninga i kyrkja. Det at det står ei kiste på golvet, og at alle er lei seg. Det kjennest litt godt også, men likevel utruleg trist å vera i ein begravelse.

Om du fekk vera ordførar i Vågå ei veke, kva ville du gjere da?– Da skulle eg ha fått opp ein del reklameskilt for det vi har i sentrum, ved rundkøyringane. Da hadde kanskje fleire køyrt innom sentrum, i staden for å berre frese vidare.

Heilt ærleg, kva tykkjer du om Vågå?– Eg tykkjer det er ein fin plass, for det er så roleg her. Også har vi naturen så nær oss. Men det er litt stussleg her, tykkjer eg.

Kva er din største draum?– Å besøke alle landa i heile verda, og få bli kjent med nye folk og nye kulturar. Å få sjå korleis andre folk har det i verda, slik at ein får eit syn på det.Tre ord om deg sjølv?– Rar, sta, og har tørr humor.Kva er det viktigaste i livet?– At du har nokon å prate med, og at du sosialiserer deg. Det er viktig å ha gode vener som ein kan prate om alt med.

«Ung i Ottadalen» er ei spalte vi har i Fjuken eit par gongar i månaden, der vi intervjuar ei jente eller ein gut i ungdomsskulealder. Har du forslag til «Ung»-kandidat? Ta kontakt med journalist Tom Erik Solstad.