Sel brannvesen har fått tildelt Brann NM i alpint for brannvesen og har fått med seg Vågå brannvesen som medarrangør.

Arrangementet skal gå føre seg på Lemonsjø Alpinsenter.

­- Vi hadde ikkje klart å ta på oss dette utan at  Kjetil villa og  Lemonsjøen Alpinsenter  legg til rette for at vi skal få til noko slikt. Det er eit stort arrangement for to små brannvesen, seier Arne Reitan Sæther i Sel brannvesen.

Brann NM i alpint vart i år arrangert i Narvik. I mars neste år er Lemonsjøen arena.

Talet på deltakarar ligg mellom 150-250 deltakarar.

NM vil samle deltakarar i disiplinane telemark, snowboard og alpint, der alle klasser køyrer storslalåm.

- Vi legg også vekt på det sosiale når brannfolk frå heile landet møtest, seier Sæther.

Han seier at randonnetur i Jotunheimen vil vere eit tilbod ein dag eller to før rennet på laurdag.

Det blir bankettar, afterski og idrettsting i Norges brannidrettsforbund.

Arne Reitan Sæther seier dei håpar på lokale støttespelarar til arrangementet.

På spørsmål om lokale deltakarar, seier Sæther at så lenge dei klarer å oppretthalde beredskapen, må dei prøve å stille med deltakarar i bakken på Lemonsjøen under NM.

Arne Reitan Sæther røper at dei også har planar å søkje om å få tildelt Brann NM i langrenn.

- Brannstasjonen i Heidal har vore med der i fleire år og har fått gode plasseringar, seier han.