Øksa vart i si tid funnen i Bismo av Leif Sæterdal, langt under jorda.
– Det er mange herrens år sidan eg fekk øksa av Leif. Øksa mi var øydelagt, og Leif sa at eg kunne få ei øks han hadde funne. Det var berre ein rustklump, og det var ingen tvil om at ho hadde vore lenge i jorda. Men så, ser du, da eg tok til å reinske og pusse og ordne, vart det meir og meir klårt for meg at øksehovudet var skikkeleg gamalt. Dessutan kom det fram eit bumerke, og da vart det jo skikkeleg spennande! ler Steinar.
Øksa gav han bort til Skjåk kommune fredag. Nå ynskjer han å finne ut meir om kva som kan vera historia til øksa. Sjølv har han ein teori.
– Det er ingen tvil om at øksa er heimsmidd, så da er ho sikkert smidd i Skjåk. Ettersom ho låg såpass langt under jorda, vil eg tru ho har lege der sidan Storofsen, for da la det seg eit tjukt lag med masse over heile Bismo. Er det einkvan som kjenner att bumerket? Kan øksa vera frå ein av gardane i Lundagrenda eller Teigmorken? Berre ring meg dersom du har informasjon eller ein teori om kva som kan vera historia til øksa, oppmodar Steinar.
Steinar er å treffe på telefon 91640161.