Vågå spel- og dansarlag inviterte til folkemusikkmatinè med Åsmund Norstoga, Gamlebanken, Sør-Fron spelmannslag, Skultbakkalaget og trioen Thomas Bakke, Knut Erik Tessnes og Vegard Vårdal.

Kulturhuset var fullsett.

– Velkomne til ein jålete og fisefin formiddagskonsert! Fint skal det vera! innleidde programleiar Even Lusæter, som med humor og gode historier leidde publikum gjennom det som vart ein strålande konsert. Vakre tonar, mange smil, latter og humor, stor danseglede og ikkje minst: Alle fekk vera med, både dei store og dei små.

Les meir og sjå fleire bilete i papiravisa.