Det sa rådmann Svein Holen da han tysdag orienterte formannskapet om status for økonomiplanarbeidet.

Han la ikkje skjul på at det ventar tøffe prioriteringar og harde tak i tida framover.

Administrasjonen har lagt inn innsparing i drifta på vel 8,0 millionar kroner, men i haust kom det nye utfordringar: Redusert utbyte frå Skjåk Energi på 3,3 millionar kroner og reduserte inntekter på eigedomsskatt på 1,3 millionar kroner. Dermed handlar det om 12,6 millionar kroner mindre å rutte med.

Rådmannen skal etter planen leggje fram forslag til budsjett- og økonomiplan for kommunestyret 1. desember. Fyrst da blir det klart kva administrasjonen går inn for å prioritere - og ikkje. Rådmannen gjorde det klart at dei skal greie å få budsjettet i balanse utan oppseiingar av fast tilsette.

Les meir i papiravisa.