– Dei har full kontroll. Her er det ein gjeng som veit kva dei driv med og som står på som berre det, rosar Mai Bakken, dagleg leiar i Norsk fjellmuseum.

Tida går fort. Fyrst i mai skal fyrste del av utbygginga av Norsk fjellsenter vera ferdig. Publikumsarealet- og resepsjonen blir på i alt 380 kvadratmeter.

– Alt er i rute. Eg er ikkje redd for at vi ikkje skal bli ferdige innan fristen. Dersom vi får knapt med tid, er det berre å stå på ekstra eller eventuelt ta inn fleire. Dette tykkjer eg er ei både spennande, interessant og utfordrande oppgåve, seier byggjeleiar Simen Løken i Brun Bygg AS.

Satsinga på Norsk fjellmuseum er kostnadsrekna til 17,8 millionar kroner. Da er dei nye utstillingane, som skal vera ferdige i 2018, med i reknestykket.

Norsk fjellsenter har sendt mange søknader rundt om, og pengane kjem inn jamnt og trutt. Sist ute er Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal, som like før påske vedtok å løyve 400.000 kroner. I vurderinga av saka, skriv regionsjef Ole Aasaren at vår region treng eit «fyrtårn» der det blir satsa litt ekstra. Han slår fast at det er liten praksis for å gje store løyvingar over fleire budsjettår i regionrådet, og rår derfor til at ein ny søknad for 2017 blir sendt på nytt neste år.

– Fantastisk. Vi er jælma glade for støtta frå regionrådet, og glade for at vedtaket var samrøystes. Det betyr noko spesielt å ha støtte frå kommunane rundt oss, seier Mai Bakken.