Rektor Anita Hølmo Nestvold innleidde sin appell med å lese diktet «Å høyre til» av Jan Magnus Bruheim.

«Vondt er av alle andre

bli trakka på og trengd.

Men vondare å veta

at du er utestengd.

Det er så mangt i livet

du ventar deg og vil.

Men meir enn det å vera,

er det å høyre til.»

– Diktet seier så mykje. Vi vil alle passe inn, ha vener, vera flinke på skulen, i fotball, i turn, i handball…ja, så mangt. Vi kan ikkje vera flinke i alt, men vi kan alle vera flinke til å ta vare på kvarandre. Å sjå kvarandre. Prate med kvarandre. Slik at vi kan høyre til alle saman, sa Hølmo Nestvold.

Kampanjen «Gjer ein forskjell» er ein del av ei større kampanje som heiter «Manifest mot mobbing - Vaksne skaper venskap».

– Alle skal føle seg trygge. Ingen skal kvi seg for å gå på skulen, sa rektor Anita Hølmo Nestvold. Foto: VIGDIS KROKEN