Det er 15-16 år sidan Åsen Rundt vart arrangert for siste gong. Nå ynskjer skigruppa i Skjåk i. l. å arrangere rennet att.

Susanne Ramstad Brenna og Stein Magne Lundemo har delteke på alle renna som vart arrangert frå slutten av 1970-talet til det var slutt.

Dei stiller på startstreken att i år.

Skigruppa skal, i samband med Åsen Rundt, arrangere ein familiedag den 13. mars, og det blir lagt opp til aktivitetar for alle i alle aldrar denne dagen.