Sjølv om Vågå-Dågå tjuvstarta med tur til Milorg-hytta onsdag og konsert med Marie Klåpbakken i kulturhuset torsdag, var det fredag at bygdamønstringa offisielt vart opna.

Mange var samla i Bankbrenna i Vågåmo for å få med seg opninga av den 16. utgåva av Vågå-Dågå. Barnehageungar, mannekengar frå Vågå Frivilligsentral og Ting og Tøy, skramleorkester og songgruppa «Viser og vers» stod for underhaldninga fredag føremiddag. I tillegg diska elevar frå vaksenopplæringa opp med fingermat og smaksprøver frå heile sju nasjonar, og det vart servert bålkaffi.

Vågå-Dågå byr på varierte programpostar gjennom heile helga. På programmet står mellom anna opning av Munch-ruta, lappeutstilling, kulturprisutdeling, intimkonsert med Vågå spel- og dansarlag, oppvisning ved Vågå Hangliderklubb, kino, quiz, barnecrosskøyring, foredrag, fotoutstillingar i Jutulheimen, messe i Sandbu-kapellet, kalvemønstring, stand i Moom, open skulstugu i Skogbygda, bussturar med gamal OKB-buss, fest på Bokhandel'n Kafé, og spektakulært motocross-show med André Villa på Moajordet.

Det er med andre ord mykje å oppleve for både små og store i Vågå i helga.

Friviljuge frå Vågå Frivilligsentral og Ting og Tøy, samt ordføraren, hadde mannekengoppvising i Bankbrenna. Foto: Tom Erik Solstad
Barnehageungar var med på opninga og stilte opp med sang. Foto: Tom Erik Solstad