Dette svindelforsøket har ei lenke i e-posten. Skatteetaten sender ikkje ut sms eller e-post med lenke uoppfordra.

E-postane som er sendt ut gjev seg ut for å vera «refusjon av skatt for næringsdrivende» og er sendt ut til rett kontaktperson/organisasjonsnummer.

– Det er stadig nye forsøk på svindel. I desse dagar spekulerer svindlarane i at «skatterefusjon» kan vera kjærkome, seier Skatteetatens sikkerhetsdirektør Ragna Fossen.

Sjølv om svindelen kan sjå truverdig ut, understrekar ho at Skatteetaten aldri sender lenker uoppfordra i e-post eller SMS.

– Det beste vernet mot svindel er at du sjølv går til skatteetaten.no eller altinn.no og loggar på der. All vår elektroniske kommunikasjon med skattytarar som omfattar sensitive opplysningar skjer innlogga via skatteetaten.no og altinn.no, seier Fossen.

Den 15. desember vil det koma meldingar til alle med inntekt eller formue om at skattekortet er klart og bør sjekkast. Du må her, som alltid når vi sender ut meldingar, gå til skattetaten.no eller altinn.no og logge deg på for å sjekke at opplysningane dei har om deg og di formue og inntekt stemmer.

Dette må du gjera viss du har motteke forsøk på epost-svindel: Ikkje oppgje noko av informasjonen det blir bede om, eller svar på sms eller e-post som du er usikker på. Trykk ikkje på lenker eller vedlegg, men slett e-posten.

Viss du har gjeve kort- og kodeopplysningar som vart etterspurt frå ein slik falsk e-post, sperr kort og kontoar så raskt som mogleg.

Send gjerne vidare mistenkelege sms eller e-postar til phishing@skatteetaten.no. Det gjer det mogleg å oppdage nye variantar raskare.

(Pressemelding)