Det var under årsmøtet i Vågå spel- og dansarlag nå nyleg at Ola Grøsland vart valt til ny leiar i laget. Grøsland tek over etter Hilde Reitan.

Ny i styret er også Torun Elise Kveen, og dei andre er Leif Inge Schjølberg, Roar Sletten og Heidi Strømstad.

Vågå spel- og dansarlag er eit aktivt lag, og har lagt eit uvanleg aktivt arbeidsår bak seg, med mange ulike kurs, konsertar, reiser og andre opplegg.

Sist i april i fjor kunne laget ta imot pris som «Årets folkemusikklag» frå FolkOrg. I 2016 arrangerte Vågå spel- og dansarlag Landskappleiken, og det same vil skje i 2019.