– Eg er utruleg glad for at den verdskjente gjærbakstkongen, Morten Schakenda, gastronomisk trekkplaster Arne Brimi, Nye Brimibue og Aukrust gard og Urteri nå har vald å bli medlemar hjå oss, seier Mari Arnøygard Wedum, dagleg leiar i Visit Jotunheimen.

Urtegarden Aukrust vart medlem for ein månad sidan, og frå 1. mai er både bakaren og to blad Brimi med, alle kjende for å vera viktige aktørar når det gjeld å lyfte fram både lokal matkultur og mattradisjonar i regionen.

Arne Brimi og Morten Schakenda oppmodar Visit Jotunheimen til å «gjerra någgå løyle i hop mæ oss», og det ligg truleg an til matfaglege og humoristiske innslag etter kvart.

Destinasjonsselskapet Visit Jotunheimen har base i Lom nasjonalparklandsby, midt i fjellheimen, og med stuttreiste råvarer rett utanfor døra. Området er allereie kjent for lang og tradisjonsrik matkultur, og fokuset på mat og kultur er like naturleg som aktivitetar i fjellheimen.

- Vi har allereie mange godt etablerte og kvalitetssterke matbedrifter med oss, men vi set stor pris på at stadig fleire ser verdien av å jobbe i hop som eit fellesskap og gjere kvarandre gode, seier Arnøygard Wedum.

Visit Jotunheimen AS har nå 55 medlemar, beståande av handels- og reiselivsbedrifter i Lom og Jotunheimen. Lasse Bjørn Rossing tok nyleg over som styreleiar og i mai bli det lansert ny heimeside for selskapet.

- Vi ser fram i mot ein aktiv sommar, og gler oss til å lyfte fram lokal mat og kultur, og gje både lokalbefolkninga og dei tilreisande gode opplevingar både i fjellheimen og til bords, seier Arnøygard Wedum.