Dersom alt går som planlagt, skal bygget stå ferdig i slutten av oktober. Bygget er kostnadsrekna til om lag 3 millionar kroner, og skal brukast til konfirmantundervisning, korøvingar, kyrkjekaffe og andre aktivitetar i kyrkjeleg samanheng.
Kyrkjeverje Borghild Skarelven fortel at Lom kyrkjelege råd har ein del pengar på bok, blant anna som eit resultat av at det førre kyrkjelydshuset, Gammelbanken, vart selt i fjor.
– Vi håpar vi skal greie å betale for det nye kyrkjelydshuset utan å ta opp lån. Vi er innstilt på å drive dugnadsarbeid og håpar det beste, seier Skarelven.