Landskappleiken i Trysil byrja onsdag med gruppespel, open klasse, spel fele B og C. Torsdag kveld vart resultatet offentleggjort.
I gruppespel senior gjekk Tufskrøkjun til topps i klassa. Synne Grothe, Kari Grøsland, Astrid Sulheim og Ann Kristin Odnes går frå eine kappleiksigeren til andre. Dei er ikkje så tufsete som namnet tilseier.
I spel fele B fekk Mari Midtli frå Sel og Otta spel- og dansarlag andreplass i klassa.
I spel fele C fekk Ragna Valde Sletten frå Vågå tredjeplass. Fem lomsjenter deltok også i denne klassa. Ingebjørg Hammerdalen vart nummer fem, Iselin Anna Aukrust nummer åtte, Ragnhild Grøna nummer tolv, Lina Brenden nummer 13 og Magnhild Moen Helland nummer 16.
I gruppespel junior kom Feltrultun frå Lom på fjerdeplass.
I open klasse kom trioen Gjevre, Odde og Vårdal på tredjeplass, medan Breibeint med Vegar Vårdal vart nummer fire. Firo kom på sjetteplass.