Dei to bygga på eigedomen vart oppført i 2008. Det eine bygget innheld lokale for politiet, Vega Partners AS og DMT Alvdal, medan NAV Lom og Skjåk er leigetakarar i det andre.
I annonsen kjem det fram at årlege brutto leigeinntekter ligg på om lag 900.000 kroner i året.
Det er Bismo Vekst AS som eig bygget. Bismo Vekst AS er eigd av Vega Partners AS.
Det er inga prisantydning i annonsen.
Det har ikkje lukkast Fjuken å få kommentar frå Bismo Vekst AS.