Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider.

Denne vekas jubilant er Kari Anne Bosmen i Lom. Ho fylte fem år den 10. mars, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Gratulerer med dagen, Kari Anne!