Vågå arbeidarparti og Bygdalista fekk fleirtal da kommunestyret tysdag føremiddag vedtok at sentrumssona i Vågåmo skal omfatte Brustugujordet. Vedtaket vart fatta med 10 mot SP og SV sine 7 røyster.

Den siste tida har det vore stort engasjement rundt saka. Motstandarane av eit «kjøpesenter» på Brustugujordet som var på kommunestyremøtet som tilhøyrarar, måtte tusle skuffa ut etter vedtaket.

Tysdag kveld går næringsdrivande i sentrum saman om ei stille markering. Da sløkkjer Veistadhjørnet, Hårstugu, Liehjørna og butikkar på Vågå handelshus ljosa i sine lokale.